Historien til Mostrahuset

Mostrahuset vart bygga i 1937 og har sidan det stått som en bauta i innseglinga til Mosterhamn. Det ruvar i hamna med sine 4 etasjar og skifertekka saltak, og består av ei imponerande konstruksjon me ikkje har sett make til i bygg av denne storleiken i området. Mostrahuset er ei perle i Mosterhamn, med ein brukshistorie som går 85 år tilbake i tid. I Bømlo kommunes kulturminneplan for 2021 - 2032 vert Mosterhamn nemnt som eit prioritert kulturmiljø handelsstad og hermetikkfabrikken trekt fram som prioritert kulturminne industri.
Andreas Grønås som bygget det digre 4-etasjars huset bygget det til verksemda si, som hadde to båtar. Etter hans død, leigde kona hans ut bygget til Stavanger preservering som dreiv hermetikkfabrikk her. Mange frå bygda har hatt jobb på fabrikken og me høyrer fortsatt historier om liv og røre og mange båtar som kom og gjekk frå kai. Etter at fabrikken blei lagt ned på slutten av sekstitalet, fekk huset nye eigarar. Det vart skofabrikk her på 70-tallet, trelasthandel og ikkje minst har det vore hovudsete for Bømlo teater i over 30 år. Då, som no, brukte dei den store hallen i 3.etg i Mostrahuset, Valhall. Moster Amfi, som ligg eit lite steinkast unna, har satt opp fantastiske musikalar, spel og konsertar med mange store og kjente skodespelarar på scenen.
Mosterhamn er med si historiske bakgrunn ei godt kjend stad på vestlandet. Her gikk Olav Tryggvason i land for å kristne Norge i år 995. Moster gamle kyrkje, ei vakker mellomalderkyrkje frå 1100-talet som lenge vart rekna som ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, ligg også eit lite steinkast unna som næraste nabo til Moster Amfi. I 2024 feirar vi 1000-års jubileum for kristenretten i Noreg. Alt dette skal skje i områder rundt Mostrahuset.
Frå slutten av 80-talet vart det drive kafé i bygget. "Havnekafen" er som en institusjon å rekne, og mang en Bømling har gode minner her i frå. Kafeen vart i drift til langt opp på 2000-talet.